top of page

GUTANE

f374c7_9df398c2e5cd43ad9f9fbec158c3f4a2.webp

Sindre Aam

Vokalist & låtskriver

I ung alder tok han opp bassgitaryrket, og fann fort ut at dette er noko ein kan leve av.

Om ein skriv songar sjølv, og syng dei, kan det kanskje verte endå kjekkare, så slik vart det.

Er også kjend frå fleir kjende norske band som Zengana og Dirty creek band.

Han har spelt på dei fleste store norske countryfestivala fram igennom tida. Har også hatt opptreden med sjølvaste Teddy Nelson.

Åm-bass har etter kvart blitt ein spelestil som har pressa seg fram i dei fleste musikksjangere.

På fritida arbeidar han med thrusterar, eller store propellar.

f374c7_b1d789dcc6d94af39a83744d1cf90e30.webp

Arthur J Bjørdal

Vokalist & låtskriver

Arthur er Åmdaling,vokalist, låtskrivar og kassegitarist. Det mange ikkje veit er at har har ei karriere som trommis bak seg.

Ikkje berre kan han briljere på kassegitaren, men om det knip stiller han gjerne opp på trommer.

Utanom Vassendgutane har Arthur utdanning som anleggsmaskinførar, og driv med graving i friperiodane

412561380_6914550432007358_6097474973957809445_n_edited.jpg

Roberth Lien

Trommis

Vår tidligere trommeslager er no tilbake i Vassend-familien. Han var med frå 2000 til 2008. Roberth er en svært dyktig trommeslager som beherska dei fleste sjangera innen musikk. Av yrke er han hjelpe-pleier. Med sitt alltid gode humør og treffande replikk er det alltid liv og røre rundt denne evigunge romsdalingen.

f374c7_f1eafc5b7ce6455f9e1fa0db98273164.webp

Frank W Utgård

Gitarist

Frank Willy er vår eminente og fantastiske el-gitarist.

Han har spelt i mange rock og bluesband.

Alltid blid, og lynkjapp på gitar. Driv eigen nettbutikk for gitardelar i Hundeidvik.

Opphavsmann til Fingreklåda.

Spring gjerne på fjellet om han har anledning, og er glad i friluftsliv.

Det hender og at han vert observert joggande rundt hotella me bur på når me er på tur..

f374c7_bb51da8d76264e13a8a025e0cd34338b.webp

Rune Brautaseth

Kassegitar & vokal

Ekte Åmdaling, som trivest godt nær sentrum i Ørsta.

Han spelar kassegitar og syng, i tillegg til å vere opphavsmann til ein crossover riverbreakdance stil.

Den framfører han til tider på scena, men har og vore sett backstage og på enkelte parkeringsplassar.

Etter nokre meir eller mindre vellukka bandprosjekt, fann han ut at skulle det verte bra, måtte det byrjast frå grunnen av, så han samla dei kjekkaste karane han visste om, og vips så var Vassendgutane til.

Alltid blid og fokusert på å gjere ein god jobb.

På heimefronten syslar han med å få plantane i hagen til å trivest, etter at ein orkan gjorde livet surt for nokre av hans grøne venar.

f374c7_3cb0d2ef03174c32b50ed514b6e9ef21.webp

Ernst O Brune

Trekkspill

Ernst har mange års erfaring som trekkspelar, til og med gamaldans beherskar han.

Han har og vore aktiv sentral midtbanespelar på Åmdal IL, skihoppar fram til orkanen i 91 bles ned hoppbakken. Barnehageonkel er det og mange som kjenner han som, men dette har media ikkje snappa opp enda...

Han har alltid eit smil på lur, og kvir seg ikkje for å ta ein liten lur i bussen.

Godt sovehjerte gjer at han alltid har energi til å ta ein trekkspelsolo når det trengs, og spelar nesten aldri feil :-)

f374c7_28ced18ef17a48b6a8ef7e2094f17d55.webp

Alf Rune Melby

Steel-gitarist

Alf Rune er bandet’s meget dyktige steel-gitarist og banjo-spelar.

Han er frå Skjåk og he spelt med monge band og artista frå inn og utland.

Med si breide Gudbrandals-dialekt og sin rungande latter er han også en

unik historie-fortellar.

Han er yrkes-sjåfør og køyre også bussen vår når det trengst.

bottom of page